Lars Korff Lofthus

DRIK AV MIG SOM EN FULDKOMMEN MAND

hendingbannerliten

I Lars Korff Lofthus si utstilling på Hordaland kunstsenter, som består av måleri i store format og skulpturar i tre, møter me dei avkledde kroppane til kraftige menn – i intimt samkvem med kvarandre, og i samspel med vestnorske naturlandskap og gjenstandar me kjenner att frå nær og fjern norsk kulturhistorie.  

Særleg ølbollen trer fram som ein bruksgjenstand frå ei anna tid. Den er måla inn i bilda til Lofthus, og plassert i rommet som målingsdekorert skulptur. Dei tekstlege strofene Lofthus har dekorert nokre av ølbolle-skulpturane med, er «ekte» vers som vart nytta på dei historiske inspirasjonskjeldene. Men utstillinga hans, som har fått tittelen sin frå nettopp eitt av desse versa, endrar tolkningsrommet for dei korte tekstane. 

Det er i det heile som at ny historie oppstår, i møtet mellom bestanddelane i utstillinga. Eller kanskje heller: Det er som at ei historie me kjenner blir fortald nytt. Skeiv kultur er me vande med å sjå representert, i ein urban kontekst. Lars Korff Lofthus målar fram det skeive i bygde-Noreg.

 

-

Dei siste ti åra av Lars Korff Lofthus sin praksis har maleriet fått representerande element i seg. No arbeider han slik at det ikkje gjev meining å skilje mellom det maleriske abstrakte og figurasjonen. Ofte har prosjekta hans eit element av begjær i seg, og Lofthus vil at det maleriske i seg sjølv skal kunne vise sensualitet, sårbarheit og overskot. Han er oppteken av ein overflate som til ei kvar tid svingar mellom det magre og det saftige, og blir noko meir enn eit motiv og figurasjon. 

Tematisk kan arbeidet hans karakteriserast som ei undersøking av forholdet mellom identitet og stad, om posisjonar i miljø der ein både er framandgjort og heime. Han ser etter materiale i til dømes museumsarkiv, bøker og foto, og homo-erotikk på nett. Lofthus forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar. 

Lofthus er engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeidet hans har blitt vist i ei rekke utstillingar både i inn- og utland. Dei seinare åra har Lofthus delt tida og arbeidet sitt mellom Bergen og Hardanger, der atelieret hans ligg. Komande utstillingar er ei gruppeutstilling på Nasjonalmuseet og ein soloutstilling på Kunstnerforbundet.

mandagStengt
tirsdagStengt
onsdag12:00-17:00
torsdag12:00-17:00
fredag12:00-17:00
lørdag12:00-17:00
søndag12:00-17:00

Hordaland kunstsenter holder til i Bergen, og ble etablert i 1976 som det første kunstsenteret i Norge. Aktiviteten på Hordaland
Kunstsenter er synlig gjennom utstillingsprogrammet, med lik vekt på seminarer, presentasjoner og dialog. Siden 1987 har
Hordaland kunstsenter hatt et nordisk gjesteatelierprogram, som fra 2008 også er åpent for
internasjonale kunstnere, kuratorer, skribenter og andre innen kunstfeltet.