Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane har tilsett dagleg leiar

Ann Lisbeth Lesto tiltrer i stillinga som dagleg leiar ved Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KSF) den 2. mai 2024. Lesto er frå Sunnfjord, har høg fagleg kompetanse og ei variert arbeidserfaring som passar veldig godt til arbeidsoppgåvene ho vil få. Styret i KSF er særs nøgd med at ho har takka ja til stillinga.

Sidan den offisielle opninga av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KSF) i Langebruvegen i Førde, hausten 2023, har senteret vore drive utan faste tilsette, av styret og andre eldsjeler. Styret i KSF ser fram til å samarbeide med Ann Lisbeth Lesto om å utvikle Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane gjennom å gjere det synleg og attraktivt i Førde sentrum, for kunstnarar og publikum i heile fylket.

KSF skal vere eit ressurs- og kompetansesenter for samtidskunst og kunsthandverk, med utstillingar og varierte arrangement formidla til alle aldersgrupper. Kunstnarsenteret husar og ei salsavdeling med samtidskunst og kunsthandverk, laga av profesjonelle regionale kunstnarar.

Kunstnarsenteret vil få faste opningstider i løpet av mai.

Foto: Privat

Flere nyheter