Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KSF) søkjer DAGLEG LEIAR
100% stilling
Åremål 3 år, med mogleg forlenging – lønn etter avtale
Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KSF) søkjer
DAGLEG LEIAR, 100% stilling
Åremål 3 år, med mogleg forlenging – lønn etter avtale
KSF ønskjer ein person med:
- Kunstfagleg kompetanse
- Samarbeidserfaring
- Formidlingskompetanse
- Erfaring med økonomistyring og administrasjon
- God kompetanse på sosiale media/nettbasert kommunikasjon
- Personleg eigna
- Sjølvstendig
KSF skal formidle og auke interesse for biletkunst og kunsthandverk, vere eit ressurssenter for biletkunstnarane og kunsthandverkarar i distriktet, og skape arbeidsoppgåver for desse. Dagleg leiar vil saman med kunstfagleg råd ved KSF utarbeide utstillings- og formidlingsprogram for godkjenning i styret.
Som fyrste dagleg leiar vil du vere med å utforme og utvikle eit nytt og spennande kunstnarsenter i Førde sentrum.
Søknadsfrist 1. februar 2024
Spørsmål kan stillast til styreleiar Arild H Eriksen: 930 25 798
Søknad merkast «dagleg leiar» og sendast med godkjende vedlegg til KSF: kunstnarsenter@gmail.com
Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane, Langebruvegen 9, 6800 FØRDE
———————————
For styret i Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane,
nestleiar Aud Marit Skarrebo Holmen


